Om Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti
I debutsamlinga «Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti», skriver Kjersti Wøien Håland om Kjersti. Som ikkje er Kjersti, men Kjersti - og Kjersti. Det er altså to ulike Kjersti allerede på tittelbladet: Den ene reell, den andre fiktiv. Og møtet dem i mellom skapar vittige og skarpe dikt både om å bli observert - óg vere den som observerar. Kva kan ein tru på av det verda seier om ein? Og kva kan ein tru på av verda? Eit kan hende representativt dikt: «om du har hacka/ webkameraet mitt/ sei det som det er:// verkar eg ok?» Nokre hugsar kan hende Joan Cusacks vittige tilståing i filmen Working Girl? Om at ho nokre gongar likar å kaste kleda og danse rundt i huset naken: «... men det gjer meg ikkje til Madonna.» På same vis kunne nok den fiktive Kjersti tilstå at ho også dansar naken no og då, foran web-kamera: «... men det gjer meg ikkje til Kjersti Wøien Håland.»
Vis mer