Norges billigste bøker

Bøker av Kjersti Wøien Håland

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • Spar 11%
    av Kjersti Wøien Håland
    267,-

    her er arret, her er såret, her er skattemelding og CVher er såre punkt, her er hard hud,her er kviser, cystar og hemoroidarher blir blodet reinsa og her sprekk stemmaher er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrifther kjem driten uther er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste deiher er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleguniverset som renn gjennom megog eg som renn gjennom universet Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er innafor dette tilsynelatande håpløyse rammeverket at ho finn medkjensle, sjølvstende og overlevingsevne.

  • av Kjersti Wøien Håland
    87,-

    eg vil sende eit postkortfrå alle vanlege tysdagarsom ikkje er så vanlege likeveltil dei grå og stille daganesom er tomme for musikkeg vil gi ei bursdagsgåvetil nokon eg ikkje kan namnet tileg vil hugse påat på enkelte augustkveldarluktar det blåbær av luftasjølv om vi er midt i byenpå enkelte kveldarheilt vanlege uvanlege tysdagskveldarer alt og alle ei gåve sågratulerer så mykje med dagen]]>

  • av Kjersti Wøien Håland
    87,-

    dei som er viktigerasar inn i livetog legg segsom tunge steinardu kan klatre påOg viser kor samansett det lette og tunge, viktige og vanskelege, er i såkalla vanleg liv. Ikkje bare kan vere, men er. Wøien Håland skriv også: Alt godt i livet/ har falle på meg. Og når vi les denne lina, og resten av desse smarte dikta, blir vi med eitt pinleg klar over at vi kva tid som helst kan få noko i hovudet, metaforisk sett sjølvsagt, som vi aldri kunne føresedd og som for alltid vil forandre oss. Det er den evige rasfaren vi lev i, kvar og ein av oss.]]>

  • Spar 11%
    av Kjersti Wøien Håland
    240,-

    Du ventar på å bli henta. Eg veit ikkje av kva eller kven, men du gjer jo det. Frå mentale kjellarar eller bokstavelige loft. Eg ser deg heile tida, stå og vente. I byen eg bur i, byen som ventar. Du kan sjå det på kranene. Heile verda ventar, sjølv når den spring om kapp, sjølv når den spinnar om seg sjølv. Ventar på eit skifte, ein revolusjon, ein kollaps. Januar ventar på februar. Dagen blir henta av natta. Orda ventar på auger. Dikt ventar på å bli lest.

  • Spar 11%
    av Kjersti Wøien Håland
    240,-

    Panikk på gata i Lillehammer. Panikk på Holbergs plass i Oslo. Panikk i heile Sogn og Fjordane. Panikk med ei flaske kirsebærøl i magen. Panikk av ein luftambulanse på himmelen. Panikk av marknadskreftene. Panikk av mark i jorda. Panikk av sju millionar andre menneske. Panikk og ei plutselig ørske. Ei hand på pulsen. Ei hand rundt fett og skjelett. Og eit einaste spørsmål: Kan ein bli trygg på nytt? Kan ein skrive dikt som passar på diktaren? Som passar på seg sjølv? Jo da, Kjersti Wøien Håland har panikk frå tid til anna.panikknår alt er beigeog alle følgeroppskriftenKjersti Wøien Håland (f. 1989) har tidlegare utgitt diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti og romanen Dommedøgn.

  • Spar 11%
    av Kjersti Wøien Håland
    221,-

    I debutsamlinga «Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti», skriver Kjersti Wøien Håland om Kjersti. Som ikkje er Kjersti, men Kjersti - og Kjersti. Det er altså to ulike Kjersti allerede på tittelbladet: Den ene reell, den andre fiktiv. Og møtet dem i mellom skapar vittige og skarpe dikt både om å bli observert - óg vere den som observerar. Kva kan ein tru på av det verda seier om ein? Og kva kan ein tru på av verda? Eit kan hende representativt dikt: «om du har hacka/ webkameraet mitt/ sei det som det er:// verkar eg ok?» Nokre hugsar kan hende Joan Cusacks vittige tilståing i filmen Working Girl? Om at ho nokre gongar likar å kaste kleda og danse rundt i huset naken: «... men det gjer meg ikkje til Madonna.» På same vis kunne nok den fiktive Kjersti tilstå at ho også dansar naken no og då, foran web-kamera: «... men det gjer meg ikkje til Kjersti Wøien Håland.»

  • Spar 12%
    av Kjersti Wøien Håland
    148 - 294,-

    I Dommedøgn følgjer vi fleire av bebuarane i Berg, blant anna den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ein kvit kanin med raude auge, som også er klarsynt. Eller? Inga, som er ordfører og desperat prøver å få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidler. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman som prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie, som får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient. Dei prøver alle å gje meining til ein eksistens som verkar åha mista ho, men frå fjellet, ute i fjorden, heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.

  • Spar 11%
    av Kjersti Wøien Håland
    240,-

    Dikta i denne samlinga er henta frå Kjersti Wøien Håland (f. 1988) sin poesikalender på Instagram 2017 og 2018. Forfattarens del av salsinntektene blir donert til Alternativ Jul, som lyser opp juletida for dei som treng det mest.Snø er det varmaste vêretnår han er kram under skoaverda er stille men knirkarsom du snik deg oveverdas lengste loftpå veg til eit hemmelegog magisk rom«ikkje vekk dei vaksne»kviskrar duog snøen knirkar tilbake«aldri aldri aldri»]]>

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.