Norges billigste bøker

Bøker av Therese Tungen

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Therese Tungen
    194,-

    «Dette blir ein annleis sommar», sa ho til ungane sine. Dei dro til fjellet mens mannen vart i byen for å bygge om leilegheita. Sonen Edvin skulle fylle sju etter sommaren, og gledde seg til å få sitt eige rom. To dager før dei skulle dra frå hytta, fekk Edvin vondt i hovudet. Nokre timar seinare var han død. Attende står ein rådlaus familie. Kva skjedde egentlig med Edvin? Kor er han no, og korleis kan dei leve vidare på ein god måte etter dette? Snu deg er skriven av ei mor som prøver å finne fram i kaoset gjennom året etter at sonen døydde, og eit forsøk på å skrive Edvin fram. «Edvin var ein gut som levde i augeblikket. Han gledde seg til bursdagen sin. Han var ein livsnytar. Vi leiter etter mønster i fortida, som om det som hende Edvin var forutbestemt, som om det låg der heile tida. Som om tilfeldigheiter ikkje finst.»

  • av Therese Tungen
    312,-

    Ein gong var dei ulvar er ei samling noveller om menneske som møter noko nytt og ukjent i liva sine. Tekstane utforskar kva som skjer når folk blir pressa langt, av andre, av seg sjølv, av dei uventa retningane livet kan ta. Allereie den første setninga grip tak i lesaren: «Det hadde regna og tora i ti dagar. Husa rundt hans stod tome og mørke, og fukta la seg som eit lag på huda og gjorde det tungt å puste. Kanskje var det berre han og Inger-Marie att i bygda, tenkte han.» Dei seks tekstane har stor tematisk spennvidde: Ei ungjente går rundt i bygda ein sommarkveld og kjenner på saknet etter systera, som har fått kjæraste og er ute og festar. Tre ungar er åleine i ei leilegheit midt i jula, og straumen forsvinn. Ei kvinne får sparken, og merkelege ting skjer med kroppen hennar. Ein leigemordar sit i en bil utanfor eit hus og ventar på offeret sitt.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.