Norges billigste bøker

Bøker av Tarjei Vesaas

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Tarjei Vesaas
    164,-

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    267,-

    Brannen, skriven rundt 1960 i skuggen av atomopprustinga, er ein av Tarjei Vesaas merkelegaste og mørkaste romaner. "Jon kom tumlande ut av huset. Det hadde ringt. Meir visste han ikkje. Han hadde òg lenge kjent at det ville ringe eingong. Likevel var det hardt og uventa." Slik lyder opningslinjene i Brannen, ein av Tarjei Vesaas merkelegaste og mørkaste romanar. Han skreiv den rundt 1960, i skuggen etter første verdskrigen, og med atomkappløpet som trugande horisont. Til forleggaren Harald Grieg forklarte han boka slik: "Brannen står for eit bilete av den moderne verden, riden av demonene, lidenskapen, nag, sadisme, aggresjonar - mange slags løynde og halvløynde eldar, så brannen lurer under overalt, og kan loge opp som brennende hestehovud i lause lufta. Den unge Jon blir vekt til medvet om alle disse ulykkene, så han må gå ut, og på augneblinken blir han oppsøkt og innblandet i alt det rådlause." Eit symboltungt varselrop til menneska som dessverre ikkje er mindre aktuelt 60 år seinare.

  • av Tarjei Vesaas
    135,-

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    267,-

    Bruene fra 1966, er Tarjei Vesaas' siste roman. Ei historie om bruene mellom menneske, om tre ungdomar som vert knytt samen etter ei grufull hending. "Den silande vinden frå det fjerne, og den store gamle steinbrua over straumen. Der landevegen går. Brua mørk i muren, steinane bitne av tiders nedbør, sol og vind, høg og herskande i landskapet. Fjellsida på den eine kanten hindrar ikkje brua frå å synast og gjera seg gjeldande - modig bygd, i lange spenn. Ein straum som ser ut som stillvatn. Ei elv som er for djup og mektig til at rørslene viser seg - på denne flate dalbotnen. Ingen krusning av straum mot steinar. Svære vass-masser sig av stad her dag og natt, og ingen kjem det i hug dersom han ikkje blir mint om det. Det er eit glidande djup som dreg forbi utan kvile." Tarjei Vesaas' siste roman er ei historie om bruene mellom menneske, om tre ungdomar som vert knytt samen etter ei grufull hending.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    267,-

    Vesaas' siste prosabok er hans mest personlige. Den har innslag av lyrikk og av bilder fra hans egen minneverden. Boka kan leses som en indre selvbiografi.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    267,-

    Handlinga går føre seg i ei einaste natt. Hallstein og systera Sissel er åleine heime. Med eitt bankar det på døra, og utanfor står ein familie og ber om husly etter at bilen deira har fått motorstopp. Den framande familien ber på store indre konfliktar, og desse kjem etter kvart til overflata i den spente atmosfæren som utviklar seg i det nattlege huset. Slik blir dei to unge syskena konfronterte med det problemfylte vaksentilværet. Samstundes møter begge òg den første, spirande kjærleiken, og får ane kva den byr på av fryd og fare.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    267,-

    Da boka kom ut i 1945, vart ho først og fremst lese som eit fortetta uttrykk for nordmenns oppleving av den tyske okkupasjonen. Boka er imidlertid noko meir enn ein okkupasjonsroman. Ho er og ei allegorisk skildring av menneskets kamp mot undertrykking og vald, der Vesaas skildrer menneskets styrke og veikskapar, individet slik det openberrer seg når det blir sett på prøve.

  • Spar 10%
    av Tarjei Vesaas
    404,-

    En samling som rommer bredden av Vesaas' novellekunst,og som spenner over tredve års produksjon.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    267,-

    Eit drap jagar villskapen opp i alt folket på ei øy. Utan nåde forfølgjer dei drapsmannen. Men så kjem angeren og redsla over hevnen. Fri frå den sanselause brutaliteten må kvar einskild stå andlet til andlet med sitt eige samvit og avgjera korleis det vonde kan sonast.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    204,-

    Mattis og systera Hege har budd saman i mange år i ei lita stove attmed sjøen. Så finn Mattis ut at han vil gjere nytte for seg som ferjemann. Langt om lenge får han sin første passasjer, ein tømmerhoggar som slår seg til i huset deira. No er ikkje Mattis åleine om kjerleiken til systera.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    204,-

    Dette er ein roman om venskapen mellom to småjenter, Siss og Unn. Einsemd og isolasjon er sentrale tema i boka. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn.

  • Spar 11%
    av Tarjei Vesaas
    203,-

    Boka inneheld seks av Vesaas' diktsamlingar: Kjeldene, Leiken og lynet, Lykka for ferdesmenn, Løynde eldars land, Ver ny, vår draum og Liv ved straumen. I tillegg inneheld ho nokre ungdomsdikt og nokre etterlatne dikt. Har register.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.