Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Lars Ove Seljestad

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Lars Ove Seljestad
    385,-

    Halvard Bergstø og den vesle familien hans er på veg til Bremen, der han skal arbeida på Institutt for livsløp- og biografiforsking. Den unge stipendiaten Halvard er besett av tanken på å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes og smelteverket der.Frigjeringa er alt anna enn enkel. Då faren etter nokre år blir sjuk, må Halvard reise heim til Eitranes.Gjensynet med broren, heimbygda og smelteverket blir eit gjensyn med eiga historie. Tydelegare enn nokon gong ser han verdiane, haldningane og kunnskapane som blei skrive inn i han då han voks opp.Eitranes er ein stolt roman om vegen ut, om vegen inn i noko anna. Ikkje minst er det ein roman om den lange vegen heim. Den gjer synleg og anerkjenner dei som bygger den grunnmuren som samfunnet vårt kviler på.

  • av Lars Ove Seljestad
    182,-

    Geir Kinsarvik veks opp i Oddas gamle industristrøk, med ein far som jobbar på Smelteverket og ei mor som vaskar arbeidarbrakkene. Ei hending i barndommen der han blir misbrukt og mobba av skulekameratane, får han til å bli besett av hemntankar. Han vil opp og fram i verda, han forlét Odda, klassebakgrunnen og tanken om solidaritet. I staden satsar han på høgare utdanning i Oslo. Her møter han Amalie, ei pen jente frå beste vestkant. Saman får dei ein son, men det er mørke krefter i Geir som får han til å gi sine næraste ei stor smerte. Blind er ein moderne klassikar, som skildrar tiåra frå 1960 til starten av 2000-talet, politisk og kulturelt. Det er ein innhaldsrik og kompleks roman om ein mann som får professoratet sitt, men som mister si sjel.

  • av Lars Ove Seljestad
    312,-

    I en industriby i en vestlandsfjord har en tolv år gammel farløs gutt vært hos rektor og fått med seg lapp hjem som han skal vise til moren. Så langt kommer han aldri. Det snør og han blir syklende rundt på kaia med lappen i baklomma med tanker og minner kvernende rundt i hodet. Under halvtaket på et repos like ved viser de andre guttene fra klassen sine sykkelkunster for hverandre. Han er utstøtt. Hjemme i leiligheten er moren. Hun er ute hver natt og drikker sammen med andre likesinnede. Om dagen sover hun og går på piller utskrevet av fastlegen. Hun har også minner. Gjennom disse to fortelles en roman om overgrep, omsorgssvikt og mobbing på skole og i lokalsamfunn, og om en mann og en far som var lyset og tryggheten, og som ga gutten ansvaret for moren og lillebroren da han ble syk. Familien er alt han har.Romanen er en proletarballade om å bli voksen i en hard verden. «Lars Ove Seljestad på sitt fornemste.» Det er Seljestads atterhaldne, usagde kunst å la vera å fortelja omstenda for det. Heile boka er eit lærestykke om sorg og utanforskap, boren fram med språkleg økonomi og oppdemma kjensler.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad (terningkast 5)«... skriver varmt og innsiktsfullt om hvordan omsorgssvikt blir reelt.» Oda Vige Helle, Bergens Tidende«I Lars Ove Seljestads nye kortroman gløder det i snødrevet. ... ein liten roman om store ting, knapp, men klår, og best der den er handfast og kroppsnær, som ei klissvåt t-skjorte mot ein kald rygg. (...) Her finst det glødepunkt i Seljestads prosa, som både svir og varmar: Han skildrar arbeidets lukter, lydar og lys, men også guten sine kjensler og tankar med kraft og nærvær.» Eivind Myklebust, Klassekampen«Poetisk og rått ... Snøen stryk ut alle spor er et verk som skaper medfølelse med de svakeste hos oss.» Anne Schäffer, Vårt Land«Seljestad skriver godt. Teksten er lett å lese. Her er dypt alvor, gjenkjennelige følelser - både på og mellom linjene. ... perle av en bok med høyaktuelle, såre, vanskelige og viktige tema.» Mette Bleken, Hardanger Folkeblad«Drivende fortelling ... Kontrasten mellom språkets skjønnhet og skjebnens stygghet, har utvilsomt effekt på leseren». Kenneth Moe, Aftenposten

  • av Lars Ove Seljestad
    312,-

    Kva var det eigentleg som skjedde då Arne vart borte på tjueårsdagen? Kva var det faren eigentleg meinte med det han sa til sonen? Kvifor kom Arne aldri heim igjen fra arbeidet på fabrikken? Kva var det som rørte seg i storebroren den natta alt gjekk galt? Desse spørsmalå har følgd veslebroren, Svein, gjennom heile vaksenlivet. Med den vaksne mannenslivserfaring prøver han, enda ein gong, å gå igjennom det som hende den gongen for så lenge sidan da han, bratt, ikkje lenger var ein veslebror.Lars Ove Seljestads nye roman "Kjære bror" er ei klok fortelling om det sårbare livet, men aller mest er dette ei vakker skildring av kjærleiken og samhaldet mellom to brør som veks opp saman i ein liten by på den vestnorske regnkysten. "Forfattaren har ei sterk forteljing å by på, med eit grunnleggjande spørsmål om kor farleg dei små nyansane i språket vårt er. Det er ei vakker bok, mørk og sterk, om kjærleik mellom brør."Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen (terningkast 5)" 'Kjære bror' er på samme tid brutal og vakker. Skildringen av lillebrors betingelsesløse kjærlighet til storebror vil bli stående i litteraturen. (...) 'Kjære bror' flyter rundt fjorden, fonna, fabrikken, familie, farsfigur, fravær - og forsoning. Det handler om virkelige fotspor. Spor som ikke viskes ut."Mette Bleken, Hardanger Folkeblad "Grepet å gi teksten brevs form er rett og slett umåtelig godt. På den måten gir jeg-fortelleren sin døde bror et liv. Med fortellingen om deres felles barndom og oppvekst formuleres brorens korte livshistorie. Og allerede på de første sidene etableres et rent «hva skjedde» - spenningsmoment. Langsomt sirkler fortelleren seg inn mot det vanskelige, det uutholdelige."Astrid Fosvold, Vårt Land"I tradisjonell og trygg psykologisk-realistisk form skildrar Seljestad i munnlege, lettflytande, gjerne lange periodar, veslebrorens rekonstruksjon av barndommen og oppveksten deira. Han gjer det innforlevd og vakkert."Jan Askelund, Stavanger Aftenblad"Seljestad kombinerer litterær kvalitet med klarsynt samfunnsengasjement.Dag Eivind Undheim Larsen, Klassekampen

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.