Norges billigste bøker

Bøker av Erlend Skjetne

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Erlend Skjetne
    399,-

    Sissel går i tiande og må finne ut kva line ho vil velje på vidaregåande. Så har ho fått tilbod om sommarjobb langt heimanfrå. Men til sommaren fyller søstera hennar, Åshild, atten år. For Åshild tyder ikkje dette fridom og nye rettar; foreldra vil at ho skal flytte inn i ein kommunal bufellesskap. Sissel er uroleg: Kva blir att av familien utan Åshild?I Størst og minst er storesøstera veslesøster, og veslesøstera storesøster. Men ei søster er ei søster.

  • av Erlend Skjetne
    379,-

    Diktsamlinga Liv, eg har drukke leitar i ord og verseliner, minne og bilete etter ein lyrisk kjærleik. Kva andar enno i dikt skrivne for over eit hundreår sidan? Kvar må ein gå for å høyre den daude syngje?Falle inn i orda dinesom utfor ein skrent,som eit tre i stormendreg med seg grunnenog alle røtene,sperrar vegen,opnar landskapetfor ny skog,for neste vår.

  • av Erlend Skjetne
    87,-

    Frå ei bygd i Finnmark til det fornemme England: Hovudpersonen i denne boksingelen meistrar kortstokken og det dekadente livet til ein konge eller knekt, men korleis greier han seg i den verkelege verda? Ruter dame tek deg med til eit særmerkt, smått absurd miljø, der ein ung mann prøver å etablere seg som profesjonell bridgespelar, ein slags bridgegigolo for overklassen. Har han det som trengst, eller gjer han seg best som au pair?

  • av Erlend Skjetne
    312,-

    Eit barn som ikkje har språk, ein far som prøver å forstå: I denne diktsamlinga ligg kommunikasjonen tett på tagnaden, kjærleiken tett på sorga.

  • av Erlend Skjetne
    358,-

    Eg ser han for meg no: Det snør så vidt, han dreg ei hand gjennom det svarte håret. I det same gløttar han opp på meg, smiler fort, før han løftar ein liten ryggsekk ut av bagasjerommet. Har han reist så lett, må han vere ein av oss. Eit anna blikk er ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Her bur atten afghanske gutar, derimellom Anwar, som elskar bøker og språk og blir kalla Professoren. Ein dag flyttar Walid inn på rommet hans. Walid er Anwars rake motsetning, ein sjarmerande opprørar og glimrande fotballspelar. Gradvis oppstår eit vennskap mellom Anwar og Walid. Men kvardagen på mottaket er hard, framtida uviss: Kven av dei - om nokon - vil få lov til å bli i Noreg? Vinner av Brageprisen for barne- og ungdomsbøker 2021.

  • av Erlend Skjetne
    154,-

    Når eit menneske døyr ein naturleg daude, er det livet han levde som får definere nekrologane, gravferdstalene, mimringa og anekdotane. Dauden vedkomande leid, er ei mindre sak. Med sjølvmordaren er det annleis.Å miste trua si, å miste seg sjølv - eller finne seg sjølv der ein minst ventar det. Kleda er gjennomvåte er historia om ein far og ungane hans, om vala vi gjer og alt dei kan få å seia.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.