Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Eldrid Lunden

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Eldrid Lunden
    358,-

    Eldrid Lundens forfattarskap står i ei særstilling i norsk lyrikkhistorie. Verksemda hennar som poet, essayist og kunstfagleg gründer ved Forfattarstudiet i Bø er eineståande, og bygger m.a. på ein vedvarande fagleg refleksjon både som personleg utfordring og i historisk samanheng. Poesibøkene hennar er intenst nærverande, men kan samtidig røre seg i grenseland til aforismen.Alle dei elleve diktsamlingane hennar er med i denne utgjevinga, frå debutboka 'f.eks. juli' som kom ut i 1968, til den siste samlinga 'Det er berre eit spørsmål om tid' frå 2018. Den nyaste diktsamlinga krinsar rundt spørsmål om nærvær og død. Boka viser fram den mjukare sida av forfattarskapen. Som i dei andre samlingane sine, går Lunden også her i dialog med tenkjarar frå historie og samtid og gjer dei akutt levande og aktuelle for oss. Det er denne kombinasjonen av - ofte overraskande - tankesprang og visuell klårleik, utført med ein sjeldan språkleg presisjon, som gjer skrivestilen til Lunden unik og til ei sjeldan lesaroppleving.«Aschehoug utgav i 2019 Lundens Dikt i samling. Det er en praktfull utgivelse. Vakker, mektig, og ja, samlende. Et begrep som innholdsrik kommer her helt til sin rett. Å lese de elleve verkene kronologisk, og gjerne innenfor et avgrenset og konsentrert tidsrom, fra første til siste utgivelse (1968 til 2018), er en fryd.» Aasne Linnestå (utdrag fra essay i Klassekampen)

  • av Eldrid Lunden
    221,-

    Eldrid Lunden har vore ein pionér i arbeidet for å få oppretta forfattarstudier i Norge; ho fekk jobben som kunstnerisk leiar ved forfattarstudiet i Bø ved oppstarten, og etter 29 år i stillinga er det ingen som kan toppe hennar erfaring og historiske kompetanse på området. Det er difor særdeles relevant når ho no for første gong skriv om faget og studiet si enno korte historie - og framtidige utfordringar. Ho spør seg kvifor forfattarutdanninga blei til, og kvifor ho har fått den forma ho har fått, kva for krefter som jobba mot, kva som kunne vore annleis - og om det heile har noko for seg.Kan ein lære å bli forfattar? er både historieskriving, kulturpolitikk og poetikk. Ein must-read for både forfattarar (etablerte som uetablerte),undervisarar og lesarar.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.