Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Brynjulf Jung Tjønn

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Brynjulf Jung Tjønn
    182,-

    Heime gjer Isak alt for at mora skal halde ut. For mora treng kvile. Ho er avhengig av han, og tvingar han til å skulke skulen.På andre sida av skogen ligg nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks.Naboen har også ein kjærast med langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak? Vil dei det?Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som plutseleg bryr seg.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    399,-

    Ein sterk og gripande oppfølgjar til kritikarroste 'Kvit, norsk mann'Var Brynjulf eit barn som blei selt på tvers av landegrenser? Kan han likevel vere glad for at han blei kjøpt til Norge? For alt han vil er å vere ein del av landet han har vakse opp i, erkjenne det vonde, men også sjå det vakre.Samstundes med at Kvit, norsk mann kom ut, dukka det opp avsløringar om problematiske sider ved adopsjonsindustrien. Desse avsløringane rokkar ved sjølvbildet og identiteten for mange adopterte, også for Brynjulf Jung Tjønn.Sjølv om ein er fødd i eit anna land og med mørk hudfarge, så vil ein likevel berre høyre til. Å vere ein del av det norske. Men kven har Brynjulf vore? Kven skal han vere eller bli? Kva vil det seie å vere norsk?Kvit, norsk mann har kome i seks opplag. Boka er tildelt Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. I Norsk kjærleik fortset utforskinga av liknande emna. Men forfattaren finn også nye retningar – i tankane om Noreg og det norske.]]>

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    340,-

    Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke - men tidvis også morosame - dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme.Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar - og set vår samtid og kultur under lupen.Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?Kvit, norsk mann er ei bok som bør lesast og brukast av alle.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    267,-

    Men mamma har andre planer for Gard. Ho vil at han skal leike med ei jente som er fødd i det same landet som han. Gard blir sint. Kvifor skal han leike med ei lita jente? Berre fordi dei ser like ut? Gard spring mot skogen. Og skogen er mørk og skummel.Gard er ikkje redd handlar om eit barns ynskje om å bli sett for det barnet er og ikkje for det vaksne trur det er.«Gard er ikkje redd er en åpen og fin fortelling om ansvar, mot og trygghet - og om at det man først antar, kanskje ikke alltid er som man tror.» Karoline Henanger, Klassekampen«Gard er ikkje redd er ei fin barnebok om mot og dyrehald. Sunniva Sunde Krogseth sine vakre illustrasjonar er detaljrike, visuelt tydlege og viser god kjennskap til gardsdrift og dyrehald. Dei formidlar og supplerer teksten særdeles godt, og gjer boka spanande for barn å bla i, også for dei som ikkje kan å lesa enda. Formatet og utforminga til denne boka gjer at ho eignar seg spesielt godt til høgtlesing, også i større grupper.» Hildegunn Hovde, Nynorskbok.no «Gard er ikkje redd av Brynjulf Jung Tjønn og illustratør Sunniva Sunde Krogseth er ei finstemt og dramatisk danningsreise i bildebokformat.» Trine Dale, Barnebokkritikk.no«Ikkje berre i teksten, men endå meir i illustrasjonane, vert lesaren omgitt av ein jordnær, men kjensleladd estetikk som lukkast med ein krevjande kombinasjon av nervepirrande spenning og stort tolkingsrom.» Janne Karin Støylen, Bergens Tidende (Fem hjerter)]]>

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    268,-

    Vera spring ute om natta. Ho vil treffe veslebroren sin igjen. Til det treng ho hjelp frå Syl. Fort spring Vera, så håret flaksar bak ho. Fort, fort ned til dammen, ned til Syl. Ho som viser Vera dei finaste historiene. Syl, som får veslebror til å leve.Den finaste historia er både tung og lett, svevande og konkret, vond og rørande. Saman skapar Torseter og Tjønn ei biletbok med ein heilt unik stemning.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    158,-

    Ebok+ er en beriket ebok som kan leses på nettbrett. Den kan leses selv og du kan gjøre opptak av din egen lesing.Sigurd gleder seg til kamp! Han håper å få spille spiss i dag. Men så oppdager Sigurd at han har glemt fotballskoene hjemme, og dermed blir det bestevennen Olav som får spille spiss i stedet.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    294,-

    Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbokFaren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som spør. Men både ho og mora veit at sanninga er noko heilt anna. At sanninga er ei historie Oda ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur.Smadra er ei ungdomsbok som gjer vondt, men som handlar om å ville gjere godt.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    182 - 358,-

    Denne boken handler om Clemence og faren som må takle livet etter morens død. Clemence har sluttet på skolen og begynt å arbeide på bensinstasjonen. Han treffer Marie og blir kjent med henne.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    267,-

    Dikta i denne samlinga er forankra i ei verd som dei fleste vil kjenne igjen. Vi ser ein gard omgitt av husdyr og gardbrukarar. Men diktas uttrykk for einsemd og lengt kan også vere fabulerande. Til dømes legg bondesonen kjøtslintrer i jorda i håp om at dei vil vekse fram til det tittelen skildrar: Garden under jorda. Han ønsker å bli forstått, å bli sett, å skape og forme eit liv. Utdrag frå samlinga:[...]det var berre meg og far igjen på gardenog eg tenkte på den siste haustdagensom glei over frå det lysaste mildetil den mørkaste kuldenfrå kjøtet var frakta inn i husettil veden var kløyvdskifta årstidamed eit øksehogg

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    182 - 358,-

    Gravide Hildegunn oppsøker mor si, Vibeke, for første gong på mange år. Slik blir vi kasta inn i forteljinga om Vibeke og oppveksten hennar i ei vestlandsbygd. Gradvis nærmar vi oss ei dramatisk hending som pregar dei begge. Alt det lyse og alt det mørke handlar om å forstå og leve med fortida - formidla i eit vakkert og sanseleg språk.

  • av Brynjulf Jung Tjønn
    182 - 358,-

    1983. Tre år gamle Jung Suh-soo blir adoptert fra Sør-Korea til Norge. Han vokser opp i den lille bygda Feios i Sogn og Fjordane og får navnet Gjermund Brekke. Han kjenner seg fremmed hjemme på gården, og som 29-åring etablert i Oslo med kone og barn, sliter han fortsatt med adoptivbakgrunnen.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.