Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Arne Brimi

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • - gode norske smakar : over 120 freistande og stuttreiste oppskrifter på fisk, kjøt, vilt, grønt og andre matrettar frå naturens kjøkken
    av Arne Brimi
    479,-

    Heimelaga er ei ettertenksam og særeigen kokebok. Arne Brimi fortel om røter, verdiar, arv, sjølvberging, berekraft og stuttreist mat. Og dei over 100 oppskriftene er alle ankra i tradisjonell og moderne norsk kost basert på naturens kjøken, slik han er så kjend for. Arne Brimi skriv i Heimelaga at det aldri før har vore så mange gode kokkar her til lands som no, og at teknikk og lure knep kan lærast på sosiale medier av alle, og med vellykka resultatet. Men to ting vi ikkje får til på desse moderne plattformene er smak og direkte kommunikasjon mellom folk.  Kanskje har interessa for mat aldri vore større? Det er berre å sjå kor mange som følger med på dei ulike sosiale medium. Midt i dette står han sjølv også og formidlar sine tankar. I denne boka får vi hans tankar samla om kvar vi står og kvar vi går, og han byr på over 100 deilige oppskrifter på rettar med enkle, reine, gode, smakfulle, stuttreiste og norske råvarer, som alle kan lage på kjøkenet heime. ]]>

  • - den beste maten og dei gode tradisjonane
    av Arne Brimi
    404,-

    Arne Brimi og Arne Hjeltnes har endeleg laga den store juleboka dei alltid har ønskt seg. I "Julehøgtid" kjem du i julestemning og får Arne Brimis eigne oppskrifter på juleklassikarane vi elskar, frå advent gjennom jula til nyttår. Boka er delt inn i fire hovuddelar: Førjulstid og førebuingar til julehøgtida, Sjølvaste julekvelden, Romjulsdrøm, og Den store nyttårsmiddagen. Her finn du alt frå lutefisk, torsk, ribbe, pinnekjøt, medisterpølser, smalahovud og reinsdyrsteik, lammerull, sildevariantar, rakfisk og sylte laga frå botnen av, til romjulstapas av julematrestar, dessertar som moltekrem og karamellpudding, øl og dram og drinkar, lefser og kva for 7 kakeslag du berre må bake. Her finn du alt du treng i samband med julehøgtida -- ei kokebok som vil vere til glede og inspirasjon år etter år.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.