Norges billigste bøker

Bøker av Are Kalvø

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Are Kalvø
    203 - 385,-

    Are Kalvø vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no. For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer. Kva driv dei med på desse hyttene om kvelden? Kva snakkar dei om? Er det rom for å seie til nokon ein møter i fjellet at ein synest natur er oppskrytt? Eller blir det dårlig stemning då? Og kven reiser eigentlig frivillig på ferie til ein plass som heter Myggheim? «Hyttebok frå helvete» er ei svært morsom og litt sint bok om nordmenns merkelige forhold til naturen.

  • av Are Kalvø
    203,-

    «Uansett kvar du har vore, har nokon andre også vore der. Og dei hadde med seg ungane dit. Og besteforeldra.» Sommaren 2020 kunne vi ikkje reise på ferie dit vi ville. Helst skulle vi feriere i heimlandet. For å vise at dette takla vi, så skrytte vi av ferien. Men kva var det veldig mange skreiv under skrytebilda frå Norgesferien sin: «Kven treng vel Syden?» Sjølv no etter at vi har blitt verdensvante og har vore overalt, sjølv no er det altså dette som er målet på ei vellykka ferieoppleving. Sjølv no, minst eit halvt århundre etter at charterturisme blei vanlig, lenge etter at gruppereiser til Sør-Europa blei ein vits, og atten år etter at denne boka blei utgitt første gong, sjølv no er det dette vi samanliknar oss med når ferien skal vurderast. Kalvøs første møte med Syden var ei spansk ferieøy full av tyskarar som underheldt kvarandre i hotellbaren med sketsjar med overdriven bruk av bananar som rekvisittar. Likevel vender Kalvø i denne boka tilbake, fast bestemt på å finne Syden-draumen.

  • av Are Kalvø
    449,-

  • av Are Kalvø
    358,-

    Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie er Are Kalvøs ærlege forsøk på å forstå vår tid: Kven vi er, kva som styrer liva våre, kva som er vitsen med heile greia. Ja, sjølve meininga med livet. Og kvar leitar ein for å finne meininga med livet? I popmusikken, sjølvsagt. Are Kalvø les lydboka sjølv. Her er også lydklipp frå desse hitlåtane: Sugar Sugar - The Archies Schnappi, das kleine krokodil - Joy Gruttmann Boby Brown Goes Down - Frank Zappa ... Baby One More Time - Britney Spears Respekt for Grandiosa - Stabburet Heaven Is a Place on Earth - Belinda Carlisle Love Is All Around - Wet Wet Wet Euphoria - Loreen Pinne for landet - Freddy Kalas Wind Of Change - Scorpions Yes Sir, I Can Boogie - Baccara

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.