Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
I denne tredje Dunce-boka spissar det seg verkeleg til! Tinnitus, skrivesperre og lysskye hemmeligheter nede på Morderbrygga Godsterminal. Jens K rotar med innlogginga og havnar bakerst i vaksinekøa, noko som fører til eit sjebnesvangert sjakkparti med Døden sjølv. Sonen Gustav prøver absolutt alt for å bli kvitt eit kronestykke, han får følge av den trufaste hunden sin heilt til toppen av Mount Doom. Hunden, Brego, har dessutan sine eigne problemer, etter ei veke med «skammens krage» forsvinn kjærasten saman med ein cavalier. Serien Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg. Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser. Den vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016, Pondus-prisen i 2018 og Sproing-prisen i 2020. I 2021 ble Dunce lansert i Frankrike, der teikneserien fekk ei overveldande mottaking av franske kritikarar.
Serien Dunce vekslar mellom triviell kvardag og eksistensielle kriser. Alt teikna morosamt og sårt, slik at ein berre må lesa meir. I denne boka blir hunden Brego forelska, JensK mister ein viktig kunde og bestemmer seg for å emigrere ut i villmarka. Heldigvis kjem han tilbake akkurat tidsnok til å sjå heile verda lukke ned på grunn av ein global pandemi. Jens K. Styve som opphavleg er frå Hjelmås i Nordhordland, men no bur i Tromsø, har gjort stor suksess med stripeserien Dunce. Serien går kvar dag i Klassekampen, pluss mange andre aviser, og rettighetene er solgt til teikneserienasjonen Frankrike! Den har vunne, Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2018.
Jens K. Styve har gjort en braksuksess med stripeserien Dunce. Som er landets eneste humor-serie på nynorsk. Serien vant Dagbladets stripekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2017. Historien om den barnlige småbarnspappaen fra bygda får stadig nye lesere. Den går fast i Dagbladet, og ti andre aviser, samt at den går fast i Radio Gaga-bladet.
Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper, på kort tid har den raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika. Impulskontroll er den fjerde Dunce-boka, også denne er fylt til randen av enkeltstriper, stripesekvensar og lengre seriar. Styve er i storform, både som teiknar og historieforteljar, bli med på ein biltur gjennom Noreg (med NAF Veibok fra 1989), Brego sine forsøk på å gå i vinterdvale, og den gripande sekvensen der Gustav eigenhendig tek ansvar for å redde regnskogen. «Det gjev håp for heile bransjen at striper let seg fornye på denne måten som Styve har lukkast med.» - Trond Sætre, Serienett Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg. Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som etter kvart har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser og hefter.
Førstebossen Spesial er ei kraftig utvida versjon (i stive permer!) av den aller første Dunce-samlinga, det var altså her det heile starta, vinteren 2017. I tillegg finn du upubliserte striper, illustrasjonar og cover.Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper. På få år har den rukke å samle ein haug med prisar her i landet, mellom anna Sproingprisen, Blixprisen og Pondusprisen. I tillegg har den blitt utgjeve i bådeFrankrike og Sør-Amerika, og fleire språk står for tur.
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.