Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
I Bløygen er det berre ein einaste lyktestolpe. Men det er også eit svært forelska par der. Dei er av og til så forelska at dei ikkje orkar å gå på jobb i Julepyntbutikken sin. Dei heiter Bidger og Esmiluni. Bjørn Disel bur også i Bløygen. Han eig ein heil bensinstasjon, og er like ulukkeleg forelska i Esmiluni som Bidger er lukkeleg forelska i henne. Bjørn Disel brukar alle sine diselknep og alt sitt hørkelpørkel for å ta Esmiluni frå Bidger. Ein dag står det i avisa at det snart skal være ein verdsmeisterskap i pludring og romantikk. Bløygen kommunestyre bestemmer at Bidger og Esmiluni må væra med. Kva gjer Bjørn Disel då?
Det er gode tider i Bløygen. Ein buss full av turistar har handla og budd på hotellet og for pengane har kommunestyret og folk i Bløygen kjøpt både ny lyktestolpe, rulletrapp og meir julepynt. Men etter ei stund blir alt vanleg att og ordføraren undrar på korleis dei skal få fleire turistar. Bidger og Esmiluni elskar kvarandre. Men Bidger drøymer om noko meir. Han drøymer om å bli far. Men ingen i Bløygen veit korleis barn blir til. Bøttefanten finn ei bok med forklaringar og instrukser om korleis ein lagar barn. Bidger og Esmiluni prøver og dei finn stor glede i dette. Dei prøver igjen og igjen i tilfelle barnet ikke har funnet fram.]]>
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.